Norsk English

Sesongopning

Lagmannsstova i Agatunet

10.05.2014 15:00

Laurdag 10. mai kl 15.00 ynskjer me alle velkomne til ein ny sesong i Agatunet. Opningsprogrammet tek for seg Kunstutstillinga 2014, grunnlovsjubileet og konsert med Maria Malmsten trio.

Program:

Kl 14.00 kafeen i Agatunet opnar.

kl 15.00 Opningsprogram i Lagmannsstova

Utstillingsopning ved Terje Breivik. Årets kunstutstilling syner verk av biletkunstnarane Ørnulf Opdahl og Robert Speight, og keramikar Elisa Helland-Hansen. Det vert og opning av utstillinga Grunnlova og Hardanger 1814 - 2014.

Guttorm Rogdaberg fortel om Arnoldus von Westen Sylow Koren

Maria Malmsten, Tirill Eirunn Einarsdotter og Einar Steinkopf held konsert.