Kvar skule eller klasse har valt eit kjent norsk kunstverk -
eitt som dei ser som sentralt i samband med indentitetsbygginga av
Noreg og/eller som kunsthistorisk viktig i denne perioden. Med
utgangspunkt i dette biletet skapar klassen eit nytt
verk.
Mål med prosjektet er å nytta det nasjonale Grunnlovsjubileet 2014
til å setja fokus på norsk kunsthistorie dei viktige siste 200 åra,
og å samla alle ungdomsskular i Hardanger i eitt felles
utstillingsprosjekt.
Prosjektet inngår i Grunnlovsjubileet 2014. Verka vert stilte ut i
Asbjørnsløa i Agatunet, eit godt eigna utstillingslokale.
Utstillinga vil stå frå midten av mai til midten av august.
Program:
Opning ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie og
tidlegare omvisar i Agatunet.
Musikalske innslag ved Amalie Kinsarvik, toradar, og Sara Nå Aga,
song og Håvard Sivertsen, gitar.
Urframføring av Nærlyd ved fjorden
Omvising i utstillingane
Sal av mat
Prosjektet er støtta av Hardanger 2014 og Sparebankstiftinga
Hardanger
