Norsk English

Konsert Maria Malmsten trio

Lagmansstova

10.05.2014 15:00

Mezzosopran Maria Malmsten held konsert i Lagmansstova i høve sesongopninga laurdag 10. mai kl 15.00. Med seg har ho Tirill Eirunn Einarsdotter på fiolin og Einar Steinkopf på gitar.

Maria Malmsten er mezzosopran, freelancemusikar og dirigent med base på Stord.
Ho dirigerar for tida tre blandakor og er kunstnarleg leiar for vokalensemblet mMokkat. Maria skriv og arrangerar folkemusikk for kor og ensembler. Ho er aktiv som ensemblemusikarar og solist i Sunnhordland med omeng. Ho har og laga og framført ein rekke historiske spel. For tida er Maria aktuell med trioen hal maR.

Tiril Eirunn Einarsdotter er 16 år går 1. året på Stord vidaregående skule, musikklinja.
Tiril spelar i orkester, trios og mykje samen med faren. Ho spelar  teater og har hatt fleire store roller i ulike teaterlag og oppsettningar. Tiril byrja spela fiolin når ho var 5 år, og har hatt soloopptrednar og spelt kammermusikk sidan ho var 10 år. For tida tek ho fiolintimar hjå Per Gisle Haagenrud i Bergen. To gonger har ho gått til tops i UKM.

Einar Steinkopf er gitarpedagog og gitarist. Har spelt saman med Maria Malmsten sidan studietiden på Griegakademiet. Einar arbeidar på Stord vidaregående skule, spelar i Stord gitartrio og er ellers aktiv i mange kammarmusikksammenheng. Einar arransjerar ein god del musikk for song, gitar og andre instrument.

På konserten vil dei framføra folkemusikk, klassiske perler og eigenkomponert musikk. Det vert soloer, duettar og trios.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd