Norsk English

Fulglesong i Nasjonalparken

Johansstova i Agatunet

21.05.2014 19:00

Naturfotograf Jan Rabben fortel om fulgelivet på Folgefonnhalvøya i Agatunet onsdag 21. mai kl 19.00

Mellom Folgefonna og fjordane finn vi mange ulike økosystem, kvart av dei med sitt dyreliv. Den isdekte vidda på breen, skuggefulle dalføre og lune vikar ved fjorden stiller ulike krav til skapningane som held til der. Fotograf Jan Rabben tek oss med på ei reise frå habitat til habitat, og synar oss variasjonane i faunaen.

Regionen byr på eit variert fugleliv. Høgt til fjells er rype og heipiplerke vanlege; snøsporven finst også her oppe. I skogane i låglandet finst det orrfugl, røy og tiur. Steinras riv stundom bort skog i bratte vestlandslier. Når du høyrer trommekvervlar, er det som oftast kvitryggspetten som markerer territorium. Denne hakkespettarten er heilt avhengig av daud og døyande ved og er svært sjeldan elles i Europa. I dei bratte fjordliene finst det rikeleg med rotnande tre der han kan hakka fram feite billelarver. Fossekallen stupar ned i elvestryk etter mat. I same terrenget trivst òg vintererla. Ho hekkar gjerne i steinklipper ved fossefall.

Gauken er ein fugl som nesten alle har høyrt, men som få av oss har sett. Også bokfinken er lett å kjenna att på songstrofa: korte kraftige tonar som kjem fortare og fortare i dalande tonehøgd og blir avslutta med eit markant etterslag. Men det er nok måltrasten og svarttrasten som er dei mest melodiske songarane i desse traktene.

Jan Rabben er fødd i Ålesund i 1952 og har budd på Stord sidan 1991. Han har universitetsutdanning i biologi og geografi og har sidan 1981 vore frilans naturfotograf og skribent. Motiva spenner over heile registeret; fuglar, pattedyr, insekt, blomar, naturdetaljar og landskap.

Programmet er arrangert av Agatunet venelag i samarbeid med Folgefonna Nasjonalparksenter. Agatunet er innfallsport til Folgefonna Nasjonalpark.

Logo Folgefonna Nasjonalparksenter