Norsk English

Dugnad

Agatunet

25.04.2014 15:00

Agatunet venelag skipar til dugnad i Agatunet fredag 25. april kl 15.00 - 18.00 og laurdag 26. april kl 12.00 - 16.00. Alle vener av tunet er hjarteleg velkomne!

Det er mykje som skal vera klart til sommarsesongen startar og tunet opnar. Agatunet venelag brettar opp ermene, tek vaskefilla fatt, og vonar at også du har høve å vera med!

Ta gjerne med bøtte, kost og hageutstyr!

Det vert ikkje kveldsete denne gongen, men alle som deltek på dugnaden er invitert til Hardanger folkemuseum på konsert. Benedicte Maurseth og Åsne Valland Nordli spelar opp fredag 25.4 kl 19.30.