Norsk English

Møya som drøymde, konsert med Laila Buer Storli

Lagmannsstova

04.08.2013 17:00

Kvedar og felespelar Lajla Renate Buer Storli har leita fram ukjende mellomalderballadar frå Hardanger og Voss. Agatunet ynskjer velkomen til konsert og plateslepp i Lagmannsstova sundag 4. august kl 17.00.

I mars 2013 gjesta Buer Storli Lagmannstova saman med fleire musikarar. Etter grundig førearbeid i arkivet etter Olav Sande hadde ho funnet fram til fleire ukjende mellomalderballadar, alle frå Hardanger og Voss. Med musikkforlaget Grappa var det klart for plateinnspeling, og ingen stader passa betre til innspelingsstad enn nettopp Lagmannsstova, hallen der Sigurd Lagmann held rettsmøta sine på slutten av 1200-talet.

Plata har fått namnet Møya som drøymde.  Ho skal lanserast på Landskappleiken, og i Agatunet 4. august. I samband med lanseringa vert det konsert der fleire av musikarane frå innspelinga deltek. Forutan Buer Storli sjølv kan me gle oss til å høyra Kim Andre Rysstad - song, Knut Hamre - hardingfele, og Stein Villa - fløyte, harpe og langeleik.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd