Norsk English

Dans i løa med Polka med Støyt

Agatunet

16.08.2013 19:00

Fredag 16. august kl 19.00 vert sesongen avslutta med dans i løa i Agatunet. Siri Dyvik og Øystein Velure på hardingfele får fylgje av Magne Velure på piano. Turbobudeia Bodil Nordjore skal ha eit kåseri frå kl. 19.00 om tradisjonsmat. 

Trioen serverar mengdar av gode danseslåttar og hardangersk valsaspel. Det vert servering av både mat og drikke. Agatunet venelag står bak arrangementet, og gler seg til å fylla løa med danseglade gjestar.

Sjå www.polkamedstoyt.info.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd