Norsk English

Julia Hultkvist er årets ungdomsutstillar

Agatunet

23.06.2013 14:00

Kom og vert med på svensk midsommarfriande i Agatunet! I høve opninga av utstillinga Mellan husen av Julia Hultkvist inviterer Agatunet til konsert med Maria Malmsten og sommararrangement med svensk vri. Dette skjer sundag 23. juni kl 14.

Julia Hultkvist har arbeidet i Agatunet kvar sommar dei siste seks åra. No stiller ho ut foto og teikningar inspirert av livet i tunet i utstillinga Mellan husen. Mezzosopran, songpedagog og dirigent Maria Malmsten frå Jämtland i Sverige held konsert der me får høyra eigenkomponerte folketonar frå verket Grendastev, mytespinn og fjordtrallar.

Jonsokhelga er det midtsommarfeiring i Sverige. Me nyttar høve å inviterer små og store til å vera med på feiringa. Det vert gang rundt maistonga og høve å læra nokre svenske midsommarsongar, og sjølvsagt fletting av blomekransar.

Arrangementet passar for born og vaksne i alle aldrar. Ta gjerne med:

  • Blomekrans i håret
  • Blomar til kransfletting
  • Godt humør

Kafeen er ope til kl 17.00.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd