Norsk English

I ljoset frå eld og ljore

Lagmannsstova

11.06.2013 19:00

Tysdag 11. juni kl 19.00 skipar Agatunet venelag til konsert i Lagmannsstova. Reidun Horvei, Ole Didrik Lerum og Laila Kolve tek oss med til årestova i det stemningfulle programmet I ljoste frå eld og ljore.

I LJOSET FRÅ ELD OG LJORE - den gamle årestova, bustad gjennom 1000 år er eit program med kulturarbeidar Ole Didrik Lærum, fylkeskvedar Reidun Horvei og fløytist Laila Kolve.  Her får me høyra korleis dagleglivet utfalda seg; kva folk fortalde, spelte og song kring den opne elden.

Framsyninga tek omlag ein time, og høver godt både for vaksne og born. Venelaget syter for servering.

Konserten er produsert av Hordaland fylkeskommune. Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd