Norsk English

Sesongopning i Agatunet

Agatunet

11.05.2013 15:00

Laurdag 11. mai kl 15.00 ynskjer me alle velkomne til ein ny sesong i Agatunet. Kunstutstillinga 2013 opnar, og det vert konsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth.

Program:

Kl 14.00 kafeen i Agatunet opnar.

kl 15.00 Opningsprogram i Lagmannsstova

Årets kunstutstilling syner verk av dei fem kunstnarane og kunsthandverkarane Lisa Him Jensen, Linda Lid, Johild Mæland, Solveig Stentvedt og Grethe Unstad. Her finn ein biletkunst, keramikk og tekstil.

Grethe Unstad held foredrag om kunsten sin.

Det vert og konsert med dei unge og lovande folkemusikarane Margit Myhr og Erlend Apneseth.