Norsk English

Konsert med Margit Myhr og Erlend Apneseth

Agatunet

11.05.2013 15.00

Agatunet inviterer til konsert på sesongopninga laurdag 11. mai. Dei unge folkemusikarane Margit Myhr og Erlend Apneseth byr på song og felespel.

Margit Myhr frå Torpo i Hallingdal har dei siste åra studert ved Ole Bull Akademiet på Voss. Ho har erfaring frå ei rekke konsertar og undervisningsoppdrag, samt har sigrar frå både lokale og nasjonale tevlingar i både spel, song og dans.

Erlend Apneseth er ei framadstormande stjerne på folkemusikkhimmelen som i dag studerer folkemusikk ved Ole Bull Akademiet, og går i lære hos storspelaren Håkon Høgemo. Apneseth har vunne ei rekke prisar og stipend for musikken sin, mellom anna FURORE-stipendet og publikumsprisen under Sparebanken Sogn og Fjordane si kultursatsing i 2010, Grappas debutantpris og Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris. 

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd