Norsk English

Benedicte Maurseth, Hardanger Musikkfest

Lagmannsstova

18.05.2013 10:00

Benedicte Maurseth kjem til Agatunet laurdag 18. mai i samband med Hardanger musikkfest. Få med dykk dei to konsertane med ei av våre fremste felespelarar i stemningsfulle Lagmannsstova.

Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal hjå meisteren Knut Hamre, og tradisjonsmusikken frå Hardanger er spesialfeltet hennar som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinaste åra har ho også arbeidd som songar, og sjølv om det er den solistiske musikken som står hjarta hennar nærast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innanfor tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar.

Maurseth har tidlegare gjeve ut to CD-ar: Rosa i botnen (2006) og Fodne ho svara stilt (2008), og ho vart i 2007 kåra til "Årets unge folkemusikar" av Rikskonsertane og til vinnar av INTRO-folk. Dei siste par åra har Maurseth også byrja å komponera ny folkemusikk, og ho har fått særs gode kritikkar for musikken sin til teaterversjonen av Andvake ved Det Norske Teatret i 2009.