Norsk English

Andrea Rice

Asbjørnsløa i Agatunet

08.08.2012 19:30

Den irske Folk & Ballad artisten Andrea Rice er på sommarturné. Onsdag 8. august kl 19.00 gjestar ho Agatunet med konsert og session. Rice har med seg Fee Dobbin på bass og bohran, og Mark Haddock på banjo, mandolin og tenor gitar. Sjølv syng ho og spelar gitar og irsk harpe.

Andrea Rice er blant Irlands beste og mest etterspurde Folk & Ballad live artist. Talentet hennar har bragt henne til mange land og til store show der ho har samarbeida med eit uttal velkjende irske artister som The Dubliners, The Chieftains, Chisty Moore og The Wolf Tones.

Rice hadde sin fyrste turné i Noreg sommaren 1999, og vart så populær at ho har vore her kvart år sidan. I fjor vart ho kåra til årets beste artist av Oppland Arbeiderblad. Årets turné omfattar 30 konsertar i heile Sør-Noreg.

Rice trivast godt med å ha konsertane sine på kulturhistoriske stader, og soleis er Agatunet midt i blinken. Her kjem ho tett på publikum, og framførar songar frå Irlands rikhaldige musikalske skattekiste. Etter konserten inviterar ho til jamsession, og får med seg publikum på Ceili dans.

Meir info om Andrea Rice finn du her  www.andreariceband.com

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd