Norsk English

Kor i vest, Nå musikklag og Jeppe på Bjerget!

Agatunet

10.06.2012 15:00

Vikebygdfest rundar av med storstilt konsert i Agatunet sundag 10. juni kl 15. Sjølvaste Jeppe på bjerget vaknar opp i tunet, saman med Kor i vest og Nå musikklag.

Tru korleis han tek det når han vaknar opp i Agatunet, den gode Jeppe. Terje Bleie og Guttorm Rogdaberg syner oss korleis det kan ha gått til. Med seg på avsluttingskonserten har dei vestsidas eige blandakor; Kor i vest under leiing av dirigent Olexandra Golowatska, og Nå musikklag som jubilerar i år. Nå Musikklag vart skipa i 1962 som skulemusikkkorps og feirar  50 år i 2012 som generasjonskorps.
Korpset har 25 musikantar. Den yngste er 12 år, og den eldste 74 år. Dei spelar brassmusikk under leiinga av dirigent Mihai Sorohan.