Norsk English

Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth

Lagmannsstova

08.06.2012 19:30

Gabriel Fliflet og Benedicte Maurseth gjestar Agatunet i samband med Vikebygdfest. Dei inviterar til konsert i Lagmannsstova fredag 8. juni kl 19.30.

Gabriel Fliflet er musikar, songar, komponist og folkemusikkentusiast som kryssar dei fleste musikalske landegrenser. Fliflet spelar trekkspel og arbeider med folkemusikk, særleg frå Noreg, Finland, Shetland, Baltikum, Balkan og Amerika. Eit viktig musikalsk kjenneteikn er sjangerblanding over tradisjonsgrensene. Fliflet koplar gjerne kompliserte balkanrytmar med nordiske folketonar, eller jødisk melankoli med tex-mex. På scena utmerkar han seg også med forteljartalent og humor.
 
Fliflet er med i ei mengd ulike grupper, mellom anna Rimfakse (1975-2005), Fliflet Hamre (1991-) og Novgorod (2003-). Han har arbeidd med profilerte folkemusikarar som Sondre Bratland, Berit Opheim Versto, Nils Økland og Ingor Ántte Áilu Gaup. Ein viktig samarbeidspartnar er perkusjonisten Ole Hamre. Som Fliflet Hamre har dei to turnert i inn- og utland og vorte lagde merke til for humor, musikalitet og originalitet. Plata «Ivar Aasen goes Bulgaria» (1994) er representativ, og på Vossajazz i Ivar Aasen-året 1996 hadde Fliflet Hamre ansvar for festframsyninga «Energivar».

Benedicte Maurseth (f. 1983) kjem frå Eidfjord i Hardanger, men er i dag busett i Bergen som frilansmusikar. Ho byrja å spela hardingfele då ho var sju år gamal hjå meisteren Knut Hamre, og tradisjonsmusikken frå Hardanger er spesialfeltet hennar som ho også har studert ved Ole Bull Akademiet. I dei seinaste åra har ho også arbeidd som songar, og sjølv om det er den solistiske musikken som står hjarta hennar nærast, arbeider ho også med mange av dei fremste kunstnarar på tvers av sjangrar, særleg innanfor tidlegmusikken, men også mykje saman med forfattarar og skodespelarar.

Maurseth har tidlegare gjeve ut to CD-ar: Rosa i botnen (2006) og Fodne ho svara stilt (2008), og ho vart i 2007 kåra til "Årets unge folkemusikar" av Rikskonsertane og til vinnar av INTRO-folk. Dei siste par åra har Maurseth også byrja å komponera ny folkemusikk, og ho har fått særs gode kritikkar for musikken sin til teaterversjonen av Andvake ved Det Norske Teatret i 2009.

Konsertane i Agatunet vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Logo, Norsk kulturråd