Norsk English

Vårdugnad i tunet

Agatunet

04.05.2012 18:00 til 21:00

Agatunet venelag skipar til dugnad i Agatunet fredag 4. mai kl 18.00. Alle vener av tunet er hjarteleg velkomne!

Det er mykje som skal vera klart til sommarsesongen startar og tunet opnar. Agatunet venelag brettar opp ermene, tek vaskefilla fatt, og vonar at også du har høve å vera med!

Ta gjerne med bøtte, kost og hageutstyr!

Etter dugnaden, omlag kl 21.00, vert det matøkt i kafeen og høve til å testa kunnskapane sine i vårens Agatun-quiz.