Norsk English

Sesongopning i Agatunet

Agatunet

12.05.2012 17:00

Velkomen til sesongopning i Agatunet laurdag 12. mai kl 17.00. Me inviterar til utstillingsopning, foredrag, konsert og markering av at Agatunet har vore freda i 75 år!

I år er det 75 år sidan 30 av husa i Agatunet vart freda. Dette skjedde i samband med utskiftingane i tunet på 30-talet. Styreleiar Ole-Vegard Skauge i Fortidsminneforeningen kjem for å fortelja om fredinga og for å åpna årets kunstutstilling.

Agatunet er stolt over å kunna presentera fygjande kunstnarar under årets kunstutstilling: Lars Korff Lofthus, Leander Djønne, Felieke van der Leest, Linda Mowinckel Nielsen og Rudolf Kraft.

Felieke van der Leest held foredrag der ho fortel frå sitt kunstnariske virke, og det vert konsert med songaren Kim André Rysstad.

Vel møtt!