Norsk English

Nordic Voices - Hardanger musikkfest

Lagmannsstova

27.05.2012 10:00

Nordic Voices kjem til Agatunet sundag 27. mai kl 10.00 i samband med Hardanger musikkfest. Få med dykk dette fantastiske vokalensemblet framføra konserten From Dawn till Dusk i stemningsfulle Lagmannsstova.

Den norske vokalsekstetten Nordic Voices vart danna i 1996. Dei seks medlemmene i ensemblet, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og Statens Operahøgskole er: Tone Braaten (sopran), Ingrid Hanken (sopran), Ebba Rydh (mezzosopran), Per Kristian Amundrød (tenor), Frank Havrøy (tenor/baryton), Trond Olav Reinholdtsen (bass). Nordic Voices har arbeidd særleg med tidlegmusikk (musikk frå mellomalder og renessanse) og samtidsmusikk. Dei har så langt gitt ut seks plater, som har fått svært gode tilbakemeldingar. Nordic Voices er stadig oftare etterspurd internasjonalt og turnerer Europa, Amerika og Asia, forutan konsertar i Skandinavia. Ensemblet er kjent for å framføra ei blanding av svært gamal musikk og samtidsmusikk saman på konsertane sine. Ofte fokuserer dei på ulike tema, for å få publikum til å oppleva musikken frå nye vinklar.

Sjå http://www.hardangermusikkfest.no/sundag-27-mai/