Norsk English

May Helen Bleie opnar utstilling i Agatunet

Kjellaren i Johansstova

20.05.2012 17:00

May Helen Bleie er årets ungdomsutstillar i Agatunet. Med seg har ho vakre smykke laga i teknikkar nytta attende i vikingtida. Utstillinga opnar 20. mai og står i Johanskjellaren fram til 12. august.

May Helen Bleie (1986) driv smykkeverkstaden Zilver Neckless der ho lagar smykke i sylv i gamle teknikkar. Ho fortel: -Smykka lagar eg i ein gammal ringteknikk som blant anna vikingane brukte. Sølvet er av Sterling og består av 93,5% ekte sølv og 6,5% kobber for å gjera sølvet hardare, slik at me kan forma det. Alle smykka startar sitt liv som sølvtråd som er tvinna i ulike størrelsar på ein dor, saga opp og blir fletta i ulike mønster. Kvart einaste smykke blir handlaga av meg og blir "one of a kind" til kvar kunde.

Smykka har namn som ankerkjede, repkjede, dronningkjede, kongekjede og brynjekjede. Mønsterene går igjen i fleire gamle kulturar, til dømes kongekjedet som me kallar det i Noreg, heiter Inka-Knuten i Mexico. Den blir også kalla Byzantine, Idiot`s Delight og Birdcage. Dronningkjedet blir til dømes kalla Inca Puño eller Box Chain.

Utstillinga er ei salutstilling. Ho opnar sundag 20. mai i samband med at Agatunet no vert innfallsport til Folgefonna nasjonalpark.

 May Helen Bleie logo