Norsk English

Konsert med Kim André Rysstad

Lagmannsstova

12.05.2012 17:00

Kim André Rysstad held konsert i Agatunet laurdag 12. mai kl 17.00 i samband med sesongopninga. Med seg har han felespelar og kvedar Lajla Renate Buer Storli. Spelemansprisnominerte Kim André Rysstad kjem frå Rysstad i Setesdal, er folkemusikar, kvedar og songar. Han har vore elev hjå fleire av dei mest kjende tradisjonsberarane i Noreg, og har studert ved Folkekunststudiet i Rauland og Ole Bull Akademiet på Voss.

I 2007 kom debutalbumet Tak hardt uti hand - ei samling folkeviser og mellomalderballadar utgjeven på Etnisk Musikklubb. Albumet blei kåra til årets soloalbum under bransjetreffet Folkelarm året etter. Plata fekk fem av fem stjernar i det internasjonale folkemusikkmagasinet Songlines. I 2009 vann Rysstad INTRO-folk, og blei av Rikskonsertane og FolkOrg kåra til årets unge folkemusikar.

Hausten 2011 kom andre albumet  Vegen som vart nominert til Spellemansprisen. Her framfører han eigne songar, nyskriven musikk og norske folkeviser saman med musikarar som Trym Bjønnes, Anders Engen og sjølvaste Knut Reiersrud. Den norske folkemusikken står framleis sentralt, men han hentar også mykje inspirasjon frå den amerikanske folktradisjonen og frå førebilete som Dolly Parton. Rysstad har samarbeidd med Sigrid Moldestad, Anne Grete Preus, Silje Nergaard, nemnde Knut Reiersrud, men har også jobba nært med musikarparet Lajla Buer Storli og John Ole Morken.

Lajla Buer Storli har drevet med folkemusikk sidan ho var born, og har brukt hardingfela og songen i mange samanhenger både i inn og utland. Ho har jobba mykje med tradisjonsmusikk frå Hardanger, men har og fått inspirasjon frå andre tradisjonar og sjangrar. Ho møter publikum gjennom personleg utrykk og formidling av tonar som betyr mykje for henne. Lajla har og vore tilsett i Agatunet, og det er med stor gleda me no får ho på vitjing att!