Norsk English

Årsmøte i Agatunet venelag

Agatunet

12.07.2011 18:00

Agatunet venelag inviterar til årsmøte tysdag 12. juli klokka 18.00 i kafeen i Agatunet. På programmet står foredrag av leiar og primus motor for Skredhaugens vener, Per Nornes.

Truleg har han mange innspel, erfaringar og gode råd å koma med, leiaren for venelaget på Skredhaugen. Skredhaugens vener er eit museumsvenelag som verkeleg har fått vind i segla sidan oppstarten i 2008. Dei tel kring 80 medlemmar i alle aldrar. I sommarsesongen har dei arrangement i museumstunet kvar onsdag, og dei stiller på dugnad kvar vår. Og så har dei begynt med geitehald!

Dette og meire til kan ein høyra meir om på årsmøtet i Agatunet venelag, som og tek for seg dei vanlege årsmøtesakene. Alle interesserte er hjarteleg velkomne til ei hyggjeleg stund i Agatunet.