Norsk English

Utstillingsopning Crimplene, kleda frå 70-talet

Agatunet

19.06.2011 18:00

Hugsar du crimplene? Verdas mest syntetiske stoff? Det vert gjennsyn med 60- og 70-talsklede når Vikebygd og Aga bygdekvinnelag skipar til utstilling i Agatunet i sommar. Utstillinga vert opna sundag 19. juni kl 18.00 av direktør for Hardanger og Voss museum, Trude Hoflandsdal Letnes.

Bygdekvinnene hugsar godt då dei nye syntetiske stoffa kom i handelen. Crimplene vart raskt eit populært stoff, særleg når ein skulle sy klede sjølve. Det var enklet å sy i. Stoffet rakna ikkje, og ein trong ikkje kasta over saumane. - Du kan prøva i riva i det, du fer ikkje ut ein tråd utan å bruka saks! fortel Gurid Bleie, leiar i bygdekvinnelaget.

- Me sydde alle slags klede, drakter, kjolar, kåper og bukser. Ikkje krølla det, og det var berre å skylda av kleda etter bruk. Men ein vart fort sveitt!

Crimplene heldt stand utover mot 80-talet, men så vart det slutt. I utstillinga vert fleire av crimplene-klenodia synt fram, saman med tidsriktige sko, vesker og anna utstyr.

I samband med utstillingsopningane vert det konsert i Lagmannsstova med douen Gjermund Fredheim og Anette Bjørnenak.