Norsk English

Utstillingsopning Americano

Agatunet

19.06.2011 18:00

Årets ungdomsutstillar i Agatunet er alt ein erfaren fotograf, trass sin unge alder. Knut Stian Lothe stiller i utstillinga Americano ut foto frå reisa han hadde i USA. Utstillinga vert opna av direktør på Hardanger og Voss museum, Trude Hoflandsdal Letnes.

Knut Stian Lothe (1993) har reist frå Los Angeles til New York. Det var ein tur på der veker der han vitja over tjue ulike statar. Bileta han syner i utstillinga er dei beste frå turen, med motiv frå natur, dyr og menneske.

Lothe har tre års erfaring med foto og har hatt to separatutstillingar og motteke to stipend. Han er fortida elev ved Akademiet Videregående skole i Bergen i retning studiespesialisering.

I samband med utstillingsopningane vert det konsert i Lagmannsstova med douen Gjermund Fredheim og Anette Bjørnenak.