Norsk English

Konsert Gjermund Fredheim og Anette

Agatunet

19.06.2011 18:00

Duoen Fredheim/Bjørnenak held konsert i Agatunet i samband med opninga av utstillingane Americano og Crimplene, kleda frå 70-talet. Her kan ein høyra fengande barokkgitar og fløyte.

Anette Bjørnenak og Gjermund Fredheim har spelt saman i mange år, fyrst i studietida, og dei siste åra med konsertar, speleoppdrag og skulekonsertar for Fylkeskonsertane. Dei kjem til Agatunet med  engelsk, tysk, spansk og norsk barokkmusikk på programmet, samt litt irsk musikk som er inspirert av folkemusikk. Her er det mykje dansemusikk, men og fantasiar og preludie.

Gjermund Fredheim (født 1982) frå Uskedalen i Kvinnherad fullførte mastergraden i klassisk gitar ved Griegakademiet, Institutt for musikk ved Universitetet i Bergen våren 2008 med toppkarakter. Han har hatt Stein-Erik Olsen som gitarlærar og har i tillegg delteke på rundt 30 meisterklasser med internasjonale gitaristar som Ricardo Gallén, Carlo Marchione og Aniello Desiderio. Som ein del av gitarduoen Fredheim/Kvasnes Duo fekk han i 2009 Bergen kommunes kunstnerstipend for 2009 og vann tre prisar i internasjonale gitarkonkurransar i Italia og Polen. Det siste året har han også turnert for fylkeskonsertane Hordaland med forestillingane Fløytelåt og Tango og kastanjettar, spelt banjo og gitar med Bergen Filharmoniske Orkester og vore på turne i Europa og Sør-Amerika, men då som rockemusikar.

Anette Bjørnenak (født 1979) studerte blokkfløyte på Norges Musikkhøgskole og på Griegakademiet, inst. for musikk ved Universitetet i Bergen, og hadde avsluttande mastergrad i juni 2008. Ho har delteke på ei rekke kurs og masterklassar med m.a Dan Laurin, Gerd Lüneburger, Peter Holtslag, Marcus Zahnhausen, Daniel Brüggen og Marion Verbrüggen. No har ho ei aktiv karriere som freelance musiker. Ho spelar i framsyninga "Fløytelåt" for Fylkeskonsertane Hordaland saman med gitarist Gjermund Fredheim. Ho var og med å stifta foreininga "Antikk Musikk" i 2007, som har ein konsertserie på Latinskolen, Bergen Skolemuseum, Damsgård hovedgård og Kafè Knøderen. Ho sit i styret i Perola Barocca, som set opp barokkoperaer og har konserter saman med pianist Ayako Yamaguchi i Bergen og Tokyo kvart år.