Norsk English

Sesongopning 2011

Agatunet

14.05.2011 16:00 til 19:00

Årets sesonopning byr mellom anna på boklansering, opning av utstillinga Søt, saftig sommarskrud og konsert med folkemusikkduoen Spindel.

Eit kunstnarfellesskap frå Drammen vert årets utstillarar. Ingema Andersen, Live Helgeland, Kari Ulleberg og Gro Kollandsrud kjem til Agatunet med smykker, sylv og tekstilar. Utstillinga markerar 20 årsjubileet til kunstgruppa i Agatunet.

Historikar Mads Langnes fortel frå arbeidet med boka Lovene som endra kulturlandskapet. innmarkutskiftingar, tun og teigblanding i Hardanger. Utskiftingane på 1800-talet endra eigedomstilhøva og kulturlandskapet på bygdene, og med dette endra byggeskikk, samvers- og driftsformer seg. Utskiftingane i inn- og utmark var omfattande i mange bygder, og førde til samanslåing av eit tidlegare teigblanda innmarksfellesskap og oppsplitting av dei gamle fellestuna.

Folkemusikkduoen Spindel med Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad starta å jobbe som duo i studietida ved Spelemannsskulen, Ole Bull Akademiet i 1996-98. No kjem dei til Agatunet og spelar i Lagmannsstova. Me vår og vitjing av våre japanske felespelande gjestar; Rio Yamase, Kristina Shizuka Yamase og Sayuri Yano.

Det vert lansering av forprosjektrapporten til norsk jordskiftesenter!