Norsk English

Kveldsete i Agatunet

Lagmannsstova i Agatunet

23.10.2011 17:00

Agatunet venelag inviterer til kveldsete sundag 23. oktober kl 17.00. Alle interesserte er hjartleg velkomne til ei hyggjeleg samkome i Lagmannsstova.

Program

Statstipendiat og nyvalt leiar i Agatunet venelag, Guttorm Rogdaberg, held foredrag om Agatunet i mellomalderen. Bakgrunnen er arbeidet Rogdaberg har gjort for å finna ut meir om Agatunets særs interessante og unike historie.

Det vert framsyning av biletspelet Drama i Berg, laga av Randi Storaas på oppdrag av Folkefonna Nasjonalparksenter. Biletspelet fortel om korleis Folgefonnhalvøya har oppstått.

Venelaget presenterar seg sjølv og håpar at fleire vil verta medlemmer. Etterpå vert det servering av kaffi og kaker. Gratis inngang.