Norsk English

Vertskap i Agatunet

Rose Yvonne Aga er tilsett i fast 50% stilling som vertskap i Agatunet, frå 1. januar 2018. Aga har lang erfaring frå arbeid i Agatunet, og har vore vertskap i tunet tre sesongar. Ho har og vore omvisar der i fleire sesongar. Vidare har ho reiselivsutdanning frå Høgskolen i Finnmark (Hotell- og restaurantfag )

Hardanger og Voss museum er særs glad for å ha fått Rose Yvonne Aga med på laget på fast basis og ser det som eit stort løft for tunet.