Norsk English

Sesongopning i Agatunet

Laurdag 14. mai klokka 16.00 opnar Agatunet dørane for sesongen. Me inviterar til kunstutstilling, boklansering og konsert.

Kunstgruppa i Agatunet har invitert eit kunstnarfellesskap frå Drammen til å vera årets utstillarar. Ingema Andersen, Live Helgeland, Kari Ulleberg og Gro Kollandsrud  kjem til Agatunet med smykker, sylv, glas og tekstilar. Salutstillinga har dei kalla Søt, saftig sommarskrud. Ordførar i Ullensvang, Solfrid Borge, opnar utstillinga som og markerar 20-års jubileet til kunstgruppa i Agatunet.

Boklansering og lansering av forprosjektrapporten Norsk Jordskiftesenter

Boka Lovene som endra kulturlandskapet vert lansert i Agatunet. Boka er skriven av historikar Mads Langnes og omhandlar jordskiftet i Hardanger. Utskiftingane på 1800-talet endra eigedomstilhøva og kulturlandskapet på bygdene. Med dette endra også byggeskikk, samvers- og driftsformer seg. Høyr forfattar og historikar Mads Langnes fortelja om denne spennande og lite påakta delen av vår historie. Ved same høve vert og forprosjektrapporten om etablering av eit nasjonalt jordskiftesenter lanser. Statsstipendiat Guttorm Rogdaberg har vore prosjektleiar for eit forprosjekt som tek sikte på å etablera eit jordskitesenter i tilknytting til Agatunet. Rogdaberg presenterer rapporten på laurdag.

Konsert med Spindel

Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad starta å jobbe som duo i studietida ved Spelemannsskulen, Ole Bull Akademiet. Dei spelar hardingfele/fele og det er musikken frå den vestlandske tradisjon duoen har som "rot". Sjølve seier dei om samarbeidet:  - Me opplevde ein musikalsk kjemi og ei slags musikalsk "forelsking" då vi møttest og jobbar fortsatt svært godt saman. Gå ikkje glipp av høvet til å høyre desse dyktige utøvarane.


Kaféen er ope frå kl 15.00. Me ynskjer alle velkomne til sesongopning!

Flere bilder

  • Folkemusikkdoen Spindel, med Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad har konsert i Agatunet laurdag 14. mai. Foto: Anne J. Sæten
  • Ingema Andersen 3
  • Framside, lovene som endra kulturlandskapet