Norsk English

Konsert Spindel

Liv Merete Kroken og Sigrid Moldestad kjem til Agatunet laurdag 14. mai kl 16 og har konsert i Lagmannsstova i høve sesongopninga.

Kroken og Moldestad starta å jobbe som duo i studietida ved Spelemannsskulen, Ole Bull Akademiet. Dei spelar hardingfele/fele og det er musikken frå den vestlandske tradisjon duoen har som "rot". Sjølve seier dei om samarbeidet:  - Me opplevde ein musikalsk kjemi og ei slags musikalsk "forelsking" då vi møttest og jobbar fortsatt svært godt saman. Gå ikkje glipp av høvet til å høyre desse dyktige utøvarane laurdag 14. mai kl 16.00 i Agatunet.

Flere bilder