Norsk English

Agatunet venelag

Bli medlem i Agatunet venelag!

Agatunet Venelag er eit frittståande, upolitisk lag som har til føremål gjennom frivillig arbeid å fremja interessa for historie, kulturvern og kunst, og yta praktisk og økonomisk hjelp til Agatunet.

Årsmøtet i Venelaget vel to medlemer til eigarstyret for Stiftelsen Agatunet. Venelaget er lokalsamfunnet sitt talerøyr for å påverka kva som skal skje i og med  Agatunet framover. Me tek gjerne mot gode idear.  Agatunet Venelag  har til dømes skaffa midlar for  å registrera, systematisera og avfotografera det store arkivet etter Johs P Aga og Johs. J. Aga. Arbeidet er i gang. Prosjektet kan  koma til å omfatta anna materiale som naturleg vedkjem Agatunet. 

Einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder kan vera medlemer. Årspengar for (2014) er kr 100,- Som medlem i venelaget har du/de gratis tilgang til Agatunet og utstillingane i ordinær opningstid i sesongen. Medlemskort kan hentast og kjøpast i kafeen.


   
Med helsing Agatunet Venelag
v/Guttorm A. Rogdaberg, leiar, Synneva Haustveit, Sjur K. Jaastad og Torbjørg Velure

Error loading userControl '~//usercontrols/umbracoContour/RenderForm.ascx'

Filer

Flere bilder

  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013
  • Vårdugnad i tunet 2013